Sammy Olsen (Sp) vart ny ordførar på Bømlo måndag kveld.
Sammy Olsen (Sp) vart ny ordførar på Bømlo måndag kveld. Foto: Carina Wangensten

Overrekte klubba til Sammy Olsen

Det vart skriven historie i kommunehuset måndag, då det vart vedteke at Sammy Olsen skal bli ordførar. Det er nemleg første gong at Senterpartiet har hatt ordførar på Bømlo.

Med 14 stemmer vart Sammy Olsen (Sp) stemt inn som ordførar for neste periode. Motkandidaten hans Morten Helland fekk på si side 13 av stemmene. Det vart difor ein knipen siger til Olsen. Etter valet fekk Olsen koma opp til Hovland, der han fekk overrekt klubba og det nypolerte ordførarkjede. Og med det gjekk Hovland ned å sette seg, og Olsen inntok ordførarsetet for dei neste fire åra.

Inge Reidar Kallevåg inntok talarstolen då det var tid for å stemma inn varaordførar. Han kunne fortelja at dette var eit historisk val her på Bømlo.

- Det er første gong me har hatt ein senterpartiordførar på Bømlo.

Både Ragnfrid Sønstabø og Torunn Laurhammer var føreslegne kandidatar som varaordførar. Her vart det også ein knipen siger. Sidan Sønstabø fekk 14 stemmer, vart ho oppnemnd som varaordførar.

Første ordføraren i den nye kommunen var Peder P. Stavland (V), med Harald Gjerde (bygdeliste) som varaordførar. Han sat berre ut 1963 (det var nytt ordinært kommunestyreval i september 1963).

1964 - 71: Gunnar Mjånes (KrF), med Harald Gjerde (bygdeliste) som varaordførar.

1972 - 75: Malvin Meling (H), med Kr Husø (bygdeliste) og Lars L. Amundsen (bygdeliste) som varaordførarar (kvar sine to år).

1976 - 1983: Arne M. Haldorsen, med Kr. Husø (1976-1979) og Olav Svendsen (H) som varaordførarar.

1984 - 1985: Bjarne Kristiansen (A), med Bjørn Lavik (KrF) som varaordførar.

1985 - 1987: Bjørn Lavik (KrF), med Martin Sørenes (A) som varaordførar.

1988 - 1995: Annemor Jensen (V), med Øyvind Halleraker (H) og Sammy Olsen (H) som varaordførarar.

1995 - 1997: Marit Elisebet Totland (KrF), med Georg Lønning (bygdeliste) som varaordførar.

1997 - 1998: Georg Lønning (bygdeliste), med Ola Ersland (KrF) som varaordførar.

1998 - 1999: Ola Ersland (KrF), med Georg Lønning (bygdeliste) som varaordførar.

1999 - 2007: Inge Reidar Kallevåg (H), med Ola Ersland (KrF) som varaordførar.

2007 - 2011: Inge Reidar Kallevåg (H), med Arnfinn Halderaker Husby (KrF) som varaordførar.

2011 - 2015: Odd Harald Hovland (Ap), med Arnfinn Halderaker Husby (KrF) som varaordførar. Jorunn Løklingholm (KrF) erstatta Halderaker Husby hausten 2012.

2015 - 2019: Odd Harald Hovland (Ap), med Sigrun Alvsvåg (KrF) som varaordførar. Morten Helland (KrF) overtok varaordførarvervet 19. september 2016.

2019- d.d. Sammy Olsen (Sp), med Ragnfrid Sønstabø (H) som varaordførar.

 

Kjelde:Bømlo kommune