Eitt godt forslag kan vera at tjuven snarast leverer skiltet tilbake og bed om orsaking. Foto: ukjent

På sporet av mystiske skiltforsvinningar

Sist fredag dukka eitt av dei stolne vegskilta på Skinnhueneset opp på Instagram.

Føljetongen om forsvunne vegskilt på Skinnhueneset hamna i Ken Andre Ottesen si spalte BAdesken nyleg. Der hentar han fram kuriøse avisoppslag frå heile landet. Bømlo-nytt sine saker om dei stolne skilta på Skinnhueneset har vorte ein gjengangar der, og jammen, etter at namnet vart måla rett på fjellveggen, kom saka i VG òg.

Medan Bømlo kommune pønskar ut ein måte å montera eit vegskilt slik at det ikkje kan fjernast, sit det ein person ein stad med pent brukt Skinnhuenes-skilt for sal. Det viser biletet som vart posta på Instagram fredag.

Der ser me foto av skiltet som vart montert i midten av februar i år, og som vart stole 8. mai mellom klokka 12:30 og 14:00, ifølgje vitne.

Ifølgje oppsitjarar på Skinnhueneset er det til saman stole fem vegskilt. Om skilttjuven er frå Bømlo eller ein annan stad, veit ein ikkje.

TRENG VITNE: Var du på Katlavegen fredag 8. mai mellom klokka 12:30 og 14:00? Såg du noko mystisk? Då vart skiltet fjerna på ein profesjonell måte. Grovt tjuveri, heiter det i straffelova. Foto: Ingvild Sjo

Åsted Bømlo

Her er det på sin plass å spørja lesarane: Har du tips som kan oppklara skiltmysteriet på Goddo? Kjenner du att bakgrunnen på biletet? Det ser ut som skiltet står oppstilt ved sida av eit nytt dørblad, men kva er det skiltet lener seg mot? Kanskje dette er på eit lager? Tips oss gjerne anonymt.

Då skiltet vart stole for femte gong ringde oppsitjarane kommunen som straks kom og malte namnet på stein. - Veldig bra! melder dei med adresse Skinnhueneset. Foto: Ingvild Sjo
Les også
No blir skiltet til Skinnhueneset umogeleg å stela