Etterlyst bil: Politiet ber om tips dersom publikum ser denne bilen. Foto: Privat

Politiet etterlyser stolen trafikkskulebil etter sjokkbrekk

Sør-Vest politidistrikt etterlyser denne bilen i heile politidistriktet etter eit sjokkbrekk i Stavanger.

Det såkalla sjokkbrekket skal ha skjedd i lokala til Stavanger Foto i Stavanger. Politiet fekk inn melding om innbrotet natt til fredag 10. januar.

Ein stolen bil som vart nytta til å ryggje inn i butikklokala stod igjen på staden. Politiet har etterlyst ein eller fleire maskerte gjerningspersonar, men har hatt få spor å gå etter. I samband med etterforskinga set politiet no saka i samanheng med tjuveriet av ein annan bil i forkant av innbrotet i Stavanger Foto.

Trafikkskulebil etterlyst

– Ein bil vart stolen frå ein parkeringsplass ved Jåttå videregående skole 8. eller 9. januar. Bilen tilhøyrer Olavs Trafikkskole. Overvakingsbilete frå området ved Stavanger Foto syner at denne bilen ryggar inn i ei bakgate like før innbrotet, og ut like etter. Dette gir oss grunnlag for å tru at bilen kan vere nytta som fluktbil i samband med sjokkbrekket, sier seksjonsleiar etterforsking og etterretning ved Stavanger politistasjon, Trond Atle Bjelland.

Bilen er ein sølvgrå BMW med registreringsnummer RK 47489. Denne skil seg ut ifrå dei andre bilane som tilhøyrer Olavs Trafikkskole, då han har gammal merking på panseret og sida, blir det opplyst. Dei nyare bilane har to striper på panseret, ny logo og skilt merka "SKOLE" bak. Det hadde altså ikkje den stolne bilen, ifølgje pressemeldinga.

Politiet ønskjer tips i saka. Dei som har observasjonar av bilen etter 10. januar blir bedne om å ta kontakt med politiet på telefon 02800.