PÅMINNINGA: Det er ikkje lovleg å driva med støyande arbeid på dei raude dagane i påsken. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Politiet minner om heilagdagsfreden

Politiet minner om at heilagdagsfreden gjeld på dei raude dagane i påsken.

Sør-Vest politidistrikt melder på Twitter at det har komme inn ein del meldingar om folk som jobbar med støyande reiskap rundt omkring i politidistriktet. Politiet vil difor minne om at me har ei lov som heiter Lov om helligdager og helligdagsfred.

– Denne gjeld no i påsken, og me ønskjer alle ein fredeleg påske, skriv politiet på Twitter.