Politiet: Politiet Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Politiet mistenkjer promillekøyring

Politiet mistenkjer promillekøyring etter at ein bil køyrde av vegen på Hallaråker.

Utforkøyringa skjedde ifølgje Sørvest politidistrikt klokka 0620 sundag morgon. Føraren av bilen var ikkje å sjå då politiet kom til staden, men vart funnen av politiet, blir det opplyst.

– Førar er mistenkt for å køyre i påverka tilstand. Sak oppretta, skriv politiet på Twitter.