Politiet var på Rubbestadneset i natt.
Politiet var på Rubbestadneset i natt. Foto: Stine R. Rørvik/Arkiv

Politiet rykte ut til fest i Rubbhallen

Politiet rykte natt til sundag ut til Rubbhallen i Rubbestadneset til ein fest der det oppheldt seg fleire rusa mindreårige.

Sør-Vest politidistrikt melde i 01-tida at patruljen var på staden. Det vart observert fleire rusa mindreårige, og patruljen bestemte seg for å stogge festen. Det var ingen ansvarlege vakter på staden, vart det opplyst frå politiet sin side.

– Patruljen køyrte ei overstadig rusa jente heim. Fleire andre ungdomar vart henta av foreldra sine, opplyser politiet. Bømlo-nytt får opplyst frå operasjonssentralen i Stavanger at dei mindreårige var i 16-17-årsalderen.

Festen var i Rubbhallen

Politiet melde på Twitter (sjå under) at festen det var snakk om hadde blitt skipa til på Rubbestadneset skule, som er ein barneskule. Bømlo-nytt fekk i etterkant melding om at det ikkje hadde vore fest på denne skulen.

Dette stadfester også dagleg leiar Victoria Laurhammer Kvernøy i Rubbestadnes idrettslag overfor Bømlo-nytt. Ho seier hendinga var i tilknytning til eit arrangement i Rubbhallen.

– Festen vart skipa til i den gamle salen i Rubbhallen, og var ikke tilknytta nokon av skulane i Rubbestadneset. Rubbestadnes idrettslag har klare retningslinjer for utleige av foajeen, herunder at ansvarleg leigetakar skal vere over 25 år og at det skal vere tilstrekkeleg tal foreldrevakter i høve til inviterte gjestar ved ungdomsarrangement. Retningslinjene blir gjennomgått i forkant av alle arrangement, opplyser Laurhammer Kvernøy. Ho fortel at idrettslaget har hatt møte med leigetakarane for å få ei forklaring på hendingsforløpet.

Ikkje i tråd med retningslinjene

– Det framstår som klart at retningslinjene for utleige av Rubbhallen ikke er følgte av leigetakar, skriv ho i ein e-post til Bømlo-nytt. Etter det ho er blitt forklart var det i hovudsak ungdom under 18 år som ikkje var inviterte til arrangementet som skapte uro i det arrangementet skulle avsluttast og hallen stengjast.

– Me tykkjer det er trist at politiet må kallast ut og bruke ressursar på denne typen arrangement. Når det er sagt set me stor pris på deira nærvær når dette er naudsynt, noko det openbert var i dette tilfellet, avsluttar ho.

#Stord kl 01; fest på Rubbestadneset skule. Flere berusede mindreårige. Patruljer til stedet og stanset festen. Ingen ansvarlige vakter. Patruljen kjørte en overstadig beruset jente hjem. Flere andre ungdommer hentet av sine foreldre.

— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest)9. juni 2019