75 bilførarar måtte syna førarkort og vognkort i kontrollen på Svortland
75 bilførarar måtte syna førarkort og vognkort i kontrollen på Svortland Foto: Håvard Hammarstrøm

Politikontroll

Politiet gjennomførte i middagstider måndag dokumentkontroll på Svortland.

Kontrollen ved rådhuset på Svortland hadde fokus på førarkort og vognkort, melder Sør-Vest politidistrikt. Totalt vart det kontrollert 75 køyretøy. Alle hadde dokumenta i orden.

#Stord Dokumentkontroll i Svortlandsvegen, med fokus på førarkort og vognkort. Totalt 75 kontrollerte, ingen reaksjonar.

— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest)13. mai 2019