Levering på døra: Mange i heimekarantene gjer sitt til at mange vel å få levert pakker på døra. Vanleg prosedyre er at pakken blir lagt utanfor døra. Foto: Petter Sørnæs

Posten går som normalt

Posten Noreg melder at auke i tinging av varer på nett, og auke i heimelevering på over 400 prosent, kan føre til litt forseinkingar i postdistribusjonen. Reduksjon av andre typar post gjer likevel sitt til at det meste av postleveringa går som normalt.

Også reduksjonen i tal flyavgangar, både internt i Noreg og frå utlandet, kan føre til at postgang nyttar meir tid frå avsendar til mottakar enn normalt. Sjølv om forseinkingar kan oppstå nokre plassar, er altså postgangen i Noreg tilnærma normal. På Posten.no er det daglege oppdateringar om status i samband med koronavirusutbrotet.

– Utlevering av post, pakkar og gods går stort sett som normalt over heile landet. Nokre forseinkingar kan oppstå, stod det å lesa både torsdag og fredag.

400 prosent auke

Noko Posten særskilt har merka etter restriksjonane som er innførte, er auke i tal heimeleveringar. Det er registrert ei auke på over 400 prosent.

– Koronaviruset er i ferd med å skape ein ny standard for distribusjon av pakkar. Over heile landet er det ei markant auke i personar som ønskjer varer levert heim på døra, skriv Posten i ei pressemelding. Den største auken er registrert i Oslo og Akershus. Der har auken i tal heimeleveringar vore på nær 450 prosent samanlikna med same veke i fjor. Der vart det sett solid ny rekord i tal heimeleveringar i løpet av ei veke.

Dyremat, medisinar, mat, leikar og kontorrekvisita går igjen i leveransane. I tillegg kjem varer frå Vinmonopolet. Posten har måtte leggja om rutinane sine for å takle auken i etterspurnad. Auken i tal heimeleveringar kan også føre til forseinkingar i levering i høve til normal postutdeling. I Posten har dei tru på at mange vil halde fram med å få pakkar leverte heim etter at samfunnet kjem tilbake til det normale. Det kan tyde rekruttering av fleire tilsette etter kvart.

– Ein del postkontor og Post i Butikk har mellombels endra opningstid i lys av koronasituasjonen. Til USA må ein rekne med forseinkingar til ny rute vil vera på plass 1. april. For å redusera smitterisikoen for både kundar og tilsette blir det montert plexiglas på disken ved alle postkontor og Post i Butikk i Noreg, vart det opplyst 23. mars.

Les også
Posten og Aktiv Norgesdistribusjon AS skal levere aviser på kvardagar og laurdagar