BUS-tomta: Slik kan det bli sjåande ut, sett frå Storavatnet. Ny brannstasjon ser me tiloppe venstre i biletet, med private bustader med båtplassar ned mot Storavatnet. Foto: Holon Arkitektur AS

Presenterer skisser for ungdomsskuletomta

I dag skal utval for areal og samferdsle godkjenna prinsippsøknaden for å melde oppstart av reguleringsarbeidet for den gamle ungdomsskuletomta.

I samsvar med Plan- og bygningslova rår rådmannen til at tomta der den gamle ungdomsskulen ligg vert teken opp til regulering til offentlege føremål, offentlege og private bustader og kontor/forretning, i tillegg til park/møteplass og vidareføring av strandpromenaden langs Storavatnet. Vedtaka i formannskap og kommunestyre i 2019 skal liggja i botn.

Ny brannstasjon: Skisse over forslag til bruk av ungdomsskuletomta. Foto: Holon Arkitektur AS

Skissene som er laga av Holon Arkitektur AS er ein illustrasjon som viser førebels utgangspunkt for planarbeidet, heiter det i første delen av framlegget til vedtak i saka.

Det skal vidare gjennomførast ein risiko og sårbarhetsananlyse (ROS-analyse) for området, og eventuelle avbøtande tiltak må vera innpassa i føresegnene til detaljreguleringsplanen og viste omsyn til ved utbygging.

ROS-analysen skal retta ekstra merksemd mot ras, vasstand og trafikktryggleik.

Bømlo-nytt presenterer her skissene til korleis tomta kan utnyttast som politikarane får på bordet i dag.

Sett frå Hollund: Slik vil det sjå ut ca frå Hollundskjosen Foto: Holon Arkitektur AS