Geir E. Aga fekk hjartestans torsdag og ligg kritisk sjuk på Haukeland universitetssjukehus. Arkivfoto.
Geir E. Aga fekk hjartestans torsdag og ligg kritisk sjuk på Haukeland universitetssjukehus. Arkivfoto.

Rådmann Geir E. Aga kritisk sjuk

Torsdag etter eit møte i Bergen vart han frakta i ambulanse til Haukeland.

Dette fortel ordførar Odd Harald Hovland i dag, måndag morgon, etter å ha vore i kontakt med pårørande.

– Tilstanden er framleis uavklart og kritisk, seier Hovland som kallar inn til ekstra formannskapsmøte i morgon tidleg, tysdag. Då håpar han å ha meir positiv informasjon å koma med.

– Dette er veldig trist, rett og slett, seier Hovland.

Rådmann Geir Ebbesvik Aga vart råka av hjartestans torsdag ettermiddag, og han fekk førstehjelp umiddelbart, og sjukebil kom raskt til staden.

ingvild@bomlo-nytt.no