Høg vasstand: Vatnet stig, slik som her på Langevåg. Foto: Geir Einarsen

Raudt farenivå i Sunnhordland

Meteorologisk Institutt har no heva farenivået for høg vasstand til raudt.

Instituttet melder om ekstremt høg vasstand for Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. På strekninga Åna-Sira til Austevoll er det venta 80-90 centimeter høgare vasstand enn det som står i tidevasstabellane.

– Vasstanden er venta å vera på det høgaste mellom klokka 02 og 03 (natt til onsdag), står det å lesa på varsom.no. Ekstremvêret har no fått namnet Didrik.