Onsdag står vedlikehaldsarbeidarane høgt oppe i brukonstruksjonen på Bømlabrua.
Onsdag står vedlikehaldsarbeidarane høgt oppe i brukonstruksjonen på Bømlabrua. Foto: Carina Wangensten

Redusert fart på Bømla- og Stordabrua

På grunn av vedlikehaldsarbeid vil det vera periodar med manuell dirigering framover.

Vedlikehaldsarbeidet som skal gjerast på Bømlabrua reknar dei med vil bli avslutta innan eit døgn. Frå og med i morgon, 13. juni, klokka 06:00, vil trafikken gå som normalt, ifølgje vegvesnet. I to-tida i dag, var det sett opp skilt med fartsgrense 50 km/t, men elles flaut trafikken fint. 

Arbeidet på Stordbrua vil først setjast i gong i morgon. Dei har ein melding som vedrører vedlikehaldsarbeid i morgon. Her vil det bli manuell dirigering frå klokka 09:00-14:00 og mellom 19:00 - 06:00.

I tillegg ligg det inne ein merknad om vedlikehald i perioden 12. juni-06. juli. Dette arbeidet ser ut for å haldast til nattetid. Det står då at det vil vera manuell dirigering mellom klokka 22:00 - 06:00.