Ferie på Bømlo: Ill.foto. Foto: Carina Wangensten Håvik

Rorbu på Bømlo med i TV2 hjelper deg: - møtt av luftgevær og oppkast

I saka skriv TV2 at Gro Herland og familien kom til ei rorbu med ladd luftgevær, oppkast utanfor inngangspartiet, ei skuffe full med medisinar og mykje anna som ikkje var som det skulle.

Saka TV2 omtalar torsdag er frå juli, og dreier seg om ein familie som hadde gledd seg til ei veke med ferie på Bømlo. Når dei kom fram var ikkje utleigaren å sjå, men dei fekk beskjed om at terrassedøra stod open og at det berre var å gå rett inn.

— Då familien endeleg kom seg inn i rorbua, kom dei negative overraskingane etter kvart på løpande band, skriv TV2 i saka.

Det såg tilsynelatande ut som det hadde vore fest i rorbua, og mykje av interiøret var i dårleg stand. Mellom anna skriv TV2 at familien rapporterte om øydelagde røykvarslarar, lause leidningar og ureine rom.

— På ei hylle på soverommet fant me eit ladd luftgevær, uttalar Gro Herland til TV2.

Familien hadde leigd rorbua via utleigeselskapet DanCenter, som ifølgje TV2 hjelper deg ikkje ville refundera utlegget før TV2 var i kontakt med dei.

— Når TV 2 hjelper deg tar kontakt med DanCenter får pipa raskt ein anna lyd. Under eitt døgn seinare får Herland ein mail frå utleigeselskapet, skriv TV2, som vidare fortel at familien no omsider fekk refundert leigesummen.

Sjølv om familien fekk eit keisamt førsteinntrykk av Bømlo, var det heldigvis nokon som redda dei. Ein anna utleigar i området hadde, ifølgje TV2 si sak, tilbydd dei å bu i hans rorbu i staden. Noko som gjorde at familien fekk fortsetja ferien på Bømlo.