Branntilløp i trålar: Brannvesenet fekk raskt kontroll då det oppstod røykutvikling om bord i ein taretrålar som låg til kai i Hovlandshagen Foto: Bømlo brann og redning

Røykdykkarar om bord i taretrålar med røykutvikling

Brannvesenet rykte ut etter melding om røykutvikling om bord i ein båt.

Det vart opplyst frå politiet at båten låg til kai ved Hovlandsvegen.

– Ingen meldingar om personskader. Naudetatane er på veg til staden, melde Sør-vest politidistrikt på Twitter like etter klokka 12 torsdag. Kort tid etter vart det opplyst at brannvesenet var komme fram.

– Brannvesenet er på staden, og melder at det er ingen opne flammar, men mykje røyk, skriv poltiet på Twitter.

Branntilløp i trålar: Brannvesenet fekk raskt kontroll då det oppstod røykutvikling om bord i ein taretrålar som låg til kai i Hovlandshagen Foto: Bømlo brann og redning

Til kai ved Bømlo skipsservice

Brannsjef Ove Halleraker fortel til Bømlo-nytt at båten er ein 50 fot stor stålbåt som blir nytta som taretrålar.

– Me har funne årsaka. Det var røykutvikling i maskinen. Det er snakk om eit lite branntilløp og smelting av gummi, noko som har gjort at det vart røykutvikling. Me har kontroll her no, seier brannsjefen til Bømlo-nytt. Båten skal ha liggje til kai ved Bømlo Skipsservice i Hovlandshagen då røykutviklinga tok til.

Etter det Bømlo-nytt forstår skal politiet gjennomføre undersøkingar på staden.

– Røykdykkarar er nede i båten, og det blir jobba med å få ventilert ut av båten for betre sikt. Det var ingen personar i båten då hendinga oppstod,- ingen personskade. Brannvesenet skal ha kontroll, og ingen fare for spreiing, opplyser politiet.

Branntilløp i trålar: Brannvesenet fekk raskt kontroll då det oppstod røykutvikling om bord i ein taretrålar som låg til kai i Hovlandshagen Foto: Bømlo brann og redning