Politiet på plass: Politibil. Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

Rusa bilførar køyrde ned trafikkskilt

Ein mann er mistenkt for promillekøyring på Bømlo natt til sundag. Han skal ha køyrt ned eit trafikkskilt.

Det melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Politiet fekk tips om ein rusa mann som køyrde bil. Politipatruljen fann mannen og bilen etter ei tid, og mannen vart då opplevd som rusa. Mannen vart teke med til legevakta for blodprøve.

– Han skal ha køyrt ned eit trafikkskilt. Det er skader på bilen, og sak blir oppretta, opplyser politiet.