Politiet: Politiet Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Sagvåg: Front mot front

Politiet melde laurdag om ei møteulukke i Sagvåg.

Ifølgje politiet på Twitter rykte naudetatane ut til ulukka som skal ha skjedd i ei 50-sone i Vikanesvegen/Sagvåg. Det var to bilar som hadde kollidert front mot front, med ein person i kvar bil.

Då politiet kom til staden vart det konstatert at airbagane i bilane var utløyste, og at det var materielle skader med nedfall i køyrebana. Det skal ikkje ha vore snakk om alvorleg skade på dei involverte.