Samhaldet var stort ulukkeskvelden

Ann Kristin Stensen og John Bjørn Mikalsen: Begge jobba frivillig for Raude Kors kvelden Sleipner gjekk på grunn. Dei er takksame for innsatsen til innbyggjarar og beredskap ulukkeskvelden. Foto: Carina Wangensten

Høyr siste del av vår serie om Sleipnerforliset. Ann Kristin Stensen og John Bjørn Mikalsen arbeidde som frivillige i Raude Kors Hjelpekors kvelden Sleipner forliste. Sjølv om mange sterke inntrykk heng att frå kvelden, sit innsatsen som innbyggjarane på Søra Bømlo stod for, sterkast i minnet hos dei to.

Ann Kristin Stensen er imponert over innsatsen lokalbefolkningen gjorde. Dei kom med varme klede, varm mat og drikke. Var det noko dei trong, var det folk raskt på plass.

«Dei gjekk mann av huse for å hjelpa til»

Høyr deira forteljing her: