Samla inn godt over ein halv million til kreftsaka
Russen på Bømlo har samla inn nær 560.000 kroner til kreftsaka gjennom Løp for livet-aksjonen.
Det melder russen sjølv på facebooksida til Løp for livet, i dag, onsdag. Den siste teljinga viser at det i år er samla inn heile 556.876 kroner av russen. Dei er særleg glad for at dei tilsette ved Bremnes Seashore gjennom ein eigen innsamlingsaksjon har pynta på den totale summen med over 66.000 kroner.
– Me vil takka alle som har støtta oss dette året, og håpar, sjølv etter 33 år, at Løp for Livet held fram, skriv avgangsrussen for 2022 i facebookinnlegget.
Koronapandemien førte til utfordringar for ein del av arrangementa som Løp for livet ville gjennomføra i løpet av skulåret.
– Nokre arrangement vart avlyst, andre hadde me høg forteneste på, konkluderer Løp for livet-komiteen.