Sammy Olsen (SP) bli ny ordførar på Bømlo.
Sammy Olsen (SP) bli ny ordførar på Bømlo. Foto: Arkivbilde Nils-Tore Sele

Sammy Olsen (Sp) blir ordførar

Torsdag kveld er endeleg forhandlingane over. Sammy Olsen (Sp) overtek posisjonen som ordførar. Ragnfrid Sønstabø (H) blir varaordførar.

Det var tydeleg å sjå at Senterpartiet sat med eit godt kort på handa, etter årets val. For å få fleirtal var både Arbeiderpartiet og valvinnaren Høgre nøydde til å få med seg Senterpartiet. Torsdag kveld kom beskjeden frå rådhuset, at Senterpartiet har bestemt seg for å slutta seg til høgresida.

– Veljarane har gitt klar beskjed ved årets val. Fleire parti er gitt god framgang og vil vera eit godt fundament for å byggja ein felles politikk for perioden 2019-2023, står det i pressemeldinga som er sendt ut.

Samarbeidsavtalen er inngått mellom partia Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet, Venstre og Partiet Dei Kristne.

– Denne plattforma skal utvikla Bømlo kommune og gje innbyggjarane nye og fleire mogelegheiter i åra som kjem. Partia vil leggja til grunn ein JA-kultur for sitt arbeid overfor innbyggjarane i kommunen, står det vidare i pressemeldinga.

Partane er einige om å endra utvalsstrukturen. Dei vil no ha nytt hovudutval for Natur og miljø og for Næring, industri og innovasjon.

Ragnfrid Sønstabø blir varaordførar.
Ragnfrid Sønstabø blir varaordførar. Foto: Arkivbilde Ingvild Sjo

– Dette er viktige grep for fornying og styrking av politiske reiskapar ein har for å vitalisera Bømlo som ein attraktiv kommune for vekst og nyetablering, og eit sterkare fokus på natur og miljø, står det vidare.