Sandsvala hekkar i koloniar i sandbakkar, grustak og elvebankar. Du kan lett kjenna att svala på sin elegante måte å fly på. Frå roleg glid til raske dykk dansar den gjennom lufta på jakt etter insekt.

Sandsvale Hotell

Desse artige krabatane, også kalla sandsvale, har bygd seg nokre flotte koloniar på Bømlo.

Sandsvala, Ripara ripara, er ein trekkfugl som overvintrar i Afrika, sør for Sahara. Om sommaren kjem dei opp til Noreg for å hekka. Då grev dei om lag ein meter djupe hol i sand- og grustak eller elvebankar. Bestanden har minka mykje dei seinare åra. I Storbritannia reknar dei med at bestanden har blitt redusert med så mykje som 90 prosent. Det førte til at den vart raudlista i Noreg i 2015. Hobbyornitolog Odd Hallaråker er godt kjent med svala.

– Eg har observert koloniar i to ulike sandtak i kommunen, seier Hallaråker.

Dei insektetande fuglane hekkar to gonger. Begge foreldra er med å ruga dei 4-6 egga i 12-16 dagar.

Han tykkjer at det er godt at sandtaka i kommunen er flinke å verna dei.

– Entreprenørane har passa godt på å ikkje forstyrra dei i hekketida. Eg set umåteleg pris på at dei respekterer at fuglane er der, seier Hallaråker.

Dei insektetande fuglane hekkar to gonger. Begge foreldra er med å ruga dei 4–6 egga i 12–16 dagar.
Dei insektetande fuglane hekkar to gonger. Begge foreldra er med å ruga dei 4–6 egga i 12–16 dagar.
Det er ikkje lett å få auge på dei små krabatane. Sandsvala er den minste av svalene, og blir normalt 12–13 cm lange.
Det er ikkje lett å få auge på dei små krabatane. Sandsvala er den minste av svalene, og blir normalt 12–13 cm lange.

Vanleg rutine er at Hallaråker kontaktar kommunen dersom han observerer fuglekoloniane, det trong han ikkje denne gongen.

– I det eine sandtaket, hadde entreprenørane sjølv verna området, før eg var klar over kolonien. Det syntest eg er fantastisk flott av dei, seier Hallaråker.

Sandsvalene dansar rundt i lufta. I løpet av ein augneblunk stuper dei ned, og inn i dei små husa sine.

Fuglane hekkar to gongar. I første omgang legg dei 4–6 egg, som begge foreldra er med å ruga ut. Etter nokre veker med mating frå foreldra, er ungane sjølv flygedyktige. Då byrjar fugleforeldra på kull nummer to.

– Dei kjem i slutten av april. I midten av august forlèt dei Noreg, og flyr mot varmare strøk, seier Hallaråker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei insektetande fuglane hekkar to gonger. Begge foreldra er med å ruga dei 4-6 egga i 12-16 dagar.

Fuglane bryr seg ikkje mykje om trafikken og menneska som går forbi.

– Dei toler litt støy. Det er slik dei hekkar, seier Hallaråker.

Det er ikkje lett å halda teljinga på fuglane.

– Eg held auge med dei, og passar på. Så eg har nokolunde oversikt over bestanden. Førebels ser det ikkje ut som det går rette vegen, seier Hallaråker.

carina@bomlo-nytt.no