Ferierestriksjonar: Bømlo kommune følgjer Folkehelseinstituttet sine råd for helsepersonell som har vore på ferie. Foto: Ingvild Sjo

Set i verk koronarestriksjonar etter ferien

Bømlo kommune held seg til Folkehelseinstituttet sine råd for helsepersonell som har vore i utlandet på ferie.

Det opplyser kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal i ein e-post til Bømlo-nytt.

Ikkje karantene for alle

– Det betyr at Bømlo ikkje har innført same ordninga som mellom anna er innført i Karmøy og Haugesund kommunar. Der må helsepersonell som har pasientnært arbeid og som har vore på ferie i såkalla grøne land, i karantene i 10 dagar på lik linje med dei som har vore i «raude» land. Dette er vurdert hos oss også, men så langt legg me Folkehelseinstituttet sine råd og krav til grunn for våre regelverk, skriv Mellesdal.

Det betyr at det vert sett i verk nokre restriksjonar for helsepersonell som har vore i utlandet på ferie.

Tilsette som har vore i såkalla raude land skal i karantene i 10 dagar etter at dei er komne heim, akkurat som alle andre.

– Helsepersonell som jobbar nært på pasientar, og som har vore på reise i eller opphalde seg i såkalla grøne land eller regionar utanfor Norden, skal informera arbeidsgjevar, og me tilrår at dei vert testa før dei startar på jobb igjen, opplyser kommunalsjefen.

Helsepersonell som jobbar nært på pasientar, og som har vore på reise eller opphalde seg i grøne land eller regionar i Norden, vert ikkje testa.

– Me informerer alle våre tilsette om kva reglar som gjeld for helsepersonell, og alle vert bedne om å ta kontakt med leiarane sine, opplyser Mellesdal. Han peikar på at dersom det er særlege problemstillingar som dukkar opp, vert dei drøfta med smittevernlegen.

– Men det skjer endringar fortløpande, og me følgjer nøye med på Folkehelseinstituttet sin oppdateringar, skriv han.

Pårørande må venta i ti dagar

Også pårørande til dei som bur på institusjonar i kommunen, må vente i ti dagar etter at dei er komne heim før dei går på besøk.

– Sjølv om dei har vore i «grøne» område, skriv Mellesdal. Dei må elles halde seg til interne retningslinjer som gjeld på institusjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han melder elles at koronatelefonen og testkapasiteten ved luftvegsmottaket ved gamle Bremnes ungdomsskule held ope som vanleg gjennom ferietida. Det vil seie tre dagar i veka.

– Det er ein jamn pågang av folk som vil testa seg, opplyser kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal til slutt.