ill: N/A Foto: Camilla Hovstø

Sju personar smitta med korona i Austevoll

46 personar er i karantene etter at det er kome inn sju positive svar på koronasmitte i nabokommunen vår i nord.

Austevoll kommune opplyser på nettsida si at dei har vore gjennom eit omfattande sporingsarbeid etter at ein person testa positivt torsdag. Dei sju som har fått påvist Covid-19 er no isolerte i heimane sine. Om smitten som no er oppdaga kjem frå same person er uvisst.

I dag, laurdag, er det gjennomført ekstraordinær testing av 26 personar. Prøveresultata er venta i løpet av morgondagen.

Totalt denne veka er 125 personar testa for korona.

Utover testing, karantene og isolasjon for enkeltpersonar, er det førebels ikkje grunn til å innføre ekstraordinære smitteverntiltak i Austevoll, opplyser .

Les også
Testar kring 18 personar for korona kvar dag