Utrykking natt til første mai. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Skadd etter basketak

Patrulje og ambulanse ved Brekke i natt.

Politiet i Sør-Vest melder at det klokka 02:10 natt i natt, 1. mai, kom melding om ein skadd og medvitslaus person ved Brekke ved Svortland.

Personen hadde kutt i ansiktet. Politipatrulje og ambulanse kom til staden.

Dei opplyser at det skal ha vore eit basketak på staden, men at det er ukjent kvifor.

Politiet jobba i natt med å få oversikt over partane, og det vert oppretta sak.

Den medvitslause personen kom til seg sjølv, og var køyrd til legevakt for sjekk.

Les også
Håvar inn bøter på E39