Populær turløype: Barn frå Espira Salamonskogen barnehage er på veg ut i turløypa medan desse fire fortel om lysløypeprosjektet til lokalavisa. Frå venstre: Kjetil Vea (leiar i arbeidsgruppa i RGU), Norvald Alvsvåg (medlem av arbeidsgruppa i RGU), Arild Grasdal (leiar i RGU) og grunneigar Leif Lohne. Foto: Håvard Hammarstrøm

Skal teste ut solcelle-lys i Stongarvågløypa

Turløypa Stongarvågen rundt er svært populær, ikkje berre blant innbyggjarane på Rubbestadneset og Innvær, men også blant tilreisande turgåarar frå heile kommunen. Gapahuken som er laga i løypa er flittig i bruk. Turteljaren i løypa registrerer tusenvis av passeringar kvart år.

LivOGLyst

Kjetil Vea er leiar av ei arbeidsgruppe som er sett ned av Rubbestadneset grendautval (RGU). Arbeidsgruppa har som mål å få realisert utpassering av lys i turløypa.

Vea fortel at prosjektet er ein del av det fylkeskommunale prosjektet LivOGLyst, som Rubbestadneset er ein del av.

— LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv, forklarer Vea.

Her kjem lyspunkta: Leiar i arbeidsgruppa Kjetil Vea syner området mellom Brubakken og gapahuken der dei to nye lyspunkta skal plasserast ut. Foto: Håvard Hammarstrøm

Tema på grendamøte

Forslag om å gjera om Stongarvågen rundt til lysløype har komme opp på to grendamøte på Rubbestadneset. Første gongen var under eit folkemøte i regi av Bømlo kommune i samband med folkehelseprosjektet. Også på eit møte i vår vart dette tema. Kva skulle til for å lage ei lysløype her?

— No har me gripe tak i dette. Det har teke tid, men det er eit vesentleg arbeid som skal til, seier leiar i RGU, Arild Grasdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vea fortel at det vart halde møte med grunneigarane i sommar, og der var signala positive med omsyn til å setja ut lys mellom Brubakken og gapahuken. Grunneigarane meinte likevel at lyspunkta måtte kunne bli justerte ved seinare behov. Ein ønskte ikkje gravearbeid eller luftspenn. Korleis kunne ein løyse dette?

Solcellelys

Svaret er utplassering av enkeltståande solcelle-drivne lys.

— Me har alt tinga to testlys som skal setjast opp på strekninga Brubakken-gapahuken. Bømlo kommune, Finnås Kraftlag og lokalt næringsliv er med og sponsar dette, forklarer Vea. I tillegg kjem noko midlar frå LivOGLyst-prosjektet. Lysa vil bli leverte om kort tid, og blir monterte på dugnad i regi av RGU i samråd med aktuelle grunneigarar.

Kvar lysmast har ei vekt på 180—200 kilo, men arbeidsgruppa har ein god plan for korleis dei skal få frakta desse ut i turløypa.

Slik ser dei ut: Lysmastene som blir leverte av selskapet BTG ser slik ut. Foto: BTG

Slepp gravearbeid

I RGU ser ein at desse enkeltståande solcelle-drivne lysmastene er noko dyrare i innkjøp enn tradisjonelle lys. Fordelen er likevel at ein slepp graving og legging av kabel. Dessutan kan lysa enkelt flyttast ved behov.

— No får me erfaringar igjennom vinterhalvåret som vil fortelje oss korleis dette faktisk fungerer. Korleis toler dei klimaet me har her, kor sterke er lysa, og korleis blir det med vedlikehald? Dette blir spennande å sjå, seier Vea.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han tykkjer det er ekstra kjekt at prosjektet har grøn profil ved bruk av solenergi.

— Me har stor tru på at denne testen vil kunne danna grunnlag for vidare vurdering om armaturar med solcelle og batteri fungerer i vårt klima og geografiske område, og såleis vil denne uttestinga vera til nytte både for lokalt næringsliv og Bømlo kommune, seier Vea.

Han meiner kommunen og Finnås kraftlag kan trekkja røynsler frå prosjektet.

– Det er sikkert mange område i kommunen der det vil vera billegare å setja opp denne typen lys framfor graving og kabling. Både når det gjeld turløyper, men også på stiar, mindre vegar og langs fortau.

Testing i vinterhalvåret

I første omgang blir det altså gjennomført ein test med to lysmaster som blir sette ut i turløypa om kort tid. Desse skal testast ut i turløypa fram til påsken neste år. Då vil ein byrje konkludere med om dette er rett type lys for denne turløypa.

Den eine lysmasta vil bli plassert på eit vêrhardt område, medan det andre blir plassert nede i ein dal nær gapahuken, med lite direkte sollys.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Mastene skal boltast fast i fjell med fire boltar. Dei skal kunne fjernast på ein enkel måte. Mastene er om lag fem meter høge, seier Grasdal.

Positive grunneigarar

Barnehagebarn og fleire turgåarar er på veg ut i turløypa medan Bømlo-nytt intervjuer dei fire i Brubakken.

— Som du ser er denne løypa flittig brukt, seier Grasdal. Han poengterer at lys i turløypa ikkje hadde vore mogeleg utan velvilje frå grunneigarane.

Medlem av arbeidsgruppa, Norvald Alvsvåg, er samd. Han seier det berre har vore positive tilbakemeldingar på prosjektet, både frå kommune, lokalt næringsliv og grunneigarar. Det stadfester også grunneigar Leif Lohne:

— Det er klart at det vil vera ein fordel for alle som brukar stien at her kjem lys, ikkje minst på vinterstid når det er mørkt, så er dette svært positivt.

25-30 lysmaster

Kva så om testen er vellukka? Då er det aktuelt å tinge lys til heile strekninga frå Brubakken til gapahuken. Med om lag 30 meter avstand mellom lyspunkta reknar Vea med at det blir snakk om 25—30 lysmaster på den knappe kilometeren. Denne delen av prosjektet er likevel ikkje fullfinansiert så langt. Vea seier kostnaden truleg blir ein stad mellom 500.000 kroner og 750.000 kroner.

— Då blir det ein prosess med å skaffe finansiering og støttespelarar, seier han. Avtalene med grunneigarane mellom Brubakken og gapahuken er på plass, så her er kan det setjast opp lysmaster når det er pengar nok til å finansiere prosjektet. Men kan det bli lys heile vegen rundt Stangarvågen?

— Me får sjå på lengre sikt om det kan bli aktuelt med heile runden.