Me har lagt bak oss ei veke med svært varierande vêr, noko denne regnbogen er eit godt symbol på. Helga blir også variert vêrmessig
Me har lagt bak oss ei veke med svært varierande vêr, noko denne regnbogen er eit godt symbol på. Helga blir også variert vêrmessig Foto: Håvard Hammarstrøm

Skiftande helgevêr

Vêrvarselet tydar på at det blir ein grå fredag, bygevêr laurdag og grått på sundag.

Både Yr og Storm ser ut til å vera ganske samde om helgevêret denne veka. Det skal bli grått men stort sett opphaldsvêr i dag, fredag. Storm melder rett nok at det kan komme ei lita skur i løpet av kvelden.

Regn på laurdag

I løpet natt til laurdag blir det bygevêr, og utover morgonen og føremiddagen blir det også regnbyer. Storm melder rundt 10 millimeter på føremiddagen og rundt sju millimeter på ettermiddagen, medan Yr melder noko mindre nedbør på Svortland. Begge er samde om at det skal bli litt lettare mot kvelden, men også då kan det gå nokre byer. I Espevær kan vinden komme opp i over 11 meter pr. sekund både ifølgje Storm og Yr.

Betre på Søndag

Vêrvarselet ser litt betre ut for sundag. Yr er mest optimistisk og melder 1,4 millimeter nedbør i løpet av dagen og stort sett opphald. Storm er litt meir pessimistisk og melder bygevêr og rundt 15 millimeter nedbør, men med sjansar for solgløtt. I Espevær kan vinden komme opp i rundt 10 meter pr. sekund.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no