Det blir meldt fint vêr i dag og 2. pinsedag
Det blir meldt fint vêr i dag og 2. pinsedag Foto: FOTO: NILS-TORE SELE/ARKIV

Skiftande vêr i pinsehelga

Det blir svært skiftande vêr også i pinsehelga, ifølgje Yr og Storm.

Dagen i dag, fredag, ser ut til å bli god vêrmessig. Det er meld lite vind, delvis skya og sol. Temperaturen vil liggje mellom 12 og 15 grader.

Skyar til

I løpet av natt til laurdag skyar det imidlertid til, og når me kjem ut på morgonkvisten blir det lett regn. Ifølgje Storm skal nedbøren ta seg opp utover føremiddagen, medan Yr melder mindre nedbørsmengder. Yr melder at vêret skal lette noko utover kvelden laurdag, medan Storm melder framleis nedbør. Det er likevel ikkje meld mykje nedbør laurdag kveld. Temperaturen skal liggje mellom 13 og 15 grader. Det blir opp i fire meter pr. sekund med vind.

Vått på sundag

Sundag 1. pinsedag blir av det fuktige slaget. Både Yr og Storm melder regn. Ifølgje Storm kan vinden komme opp i åtte meter pr. sekund. Natt til 2. pinsedag gir regnet seg, og utover dagen ser det ut til å kunne bli ganske fint vêr. Det er meld delvis skya og sol, men ikkje den store temperaturen. Det er meld mellom 10 og 13 grader. Det er ikkje meld om vind av betydning. Dagen i dag og 2. pinsedag peikar seg ut om dagar til uteaktivitetar og tur reint vêrmessig.