Hovudkontoret til Wärtsilä Norway blir verande her i Rubbestadneset
Hovudkontoret til Wärtsilä Norway blir verande her i Rubbestadneset Foto: Arkivfoto

Slår saman Wärtsilä-selskapa i Noreg

Wärtsilä slår saman selskapa sine i Noreg. Hovudkontoret skal etter fusjonen framleis liggja på Rubbestadneset.

Det melder selskapet i ei pressemelding. Samanslåinga er lekk i ei forenkling av organisasjonsstrukturen til det finske industrikonsernet. I dag er det fem ulike Wärtsilä-selskap i Noreg. No skal dei alle bli ein del av Wärtsilä Norway. Først ut er Wärtsilä Ship Design som blir ein del av Wärtsilä Norway i løpet oktober.

Ei juridisk eining

Samanslåinga blir mellom anna forklart med at det vil vera ein fordel å berre ha ei juridisk eining i dei landa der selskapet er representert.

– Det er difor sett i gang ein prosess i Noreg for å forenkle den juridiske strukturen og slå saman dei fem selskapa Wärtsilä Norway (Bømlo/Stord), Wärtsilä Ship Design (Stord), Wärtsilä Gas Solutions (Asker), Wärtsilä Moss (Moss) og Wärtsilä Valmarine (Drammen), til et selskap i løpet av det kommande året, heiter det frå Wärtsilä. Alle fem vil bli samla i Wärtsilä Norway AS.

– Wärtsilä Norway AS vil framleis ha hovudkontor på Rubbestadneset, Bømlo, står det å lesa.

Endra organisering

– Me ønskjer å slå saman våre fem selskap, som har lange røter og ein stolt tradisjon i Noreg, til et stort og handlekraftig selskap. Vår hovudmålsetting er å forenkla og samkøyra våre administrative aktivitetar. All annan forretningsmessig aktivitet vil halde fram som før, uttaler Hans-Petter Nesse, i Wärtsilä Norway. Han vil halda fram i stillinga som administrerande direktør.

Hans Petter Nesse i Wärtsilä Norway
Hans Petter Nesse i Wärtsilä Norway Foto: Arkiv/Håvard Hammarstrøm
Wärtsilä-selskapa i Noreg blir slått saman til eitt. Hovudkontoret skal framleis liggja på Rubbestadneset
Wärtsilä-selskapa i Noreg blir slått saman til eitt. Hovudkontoret skal framleis liggja på Rubbestadneset Foto: Wärtsilä Norway

Selskapet vil ha om lag 1000 tilsette etter at fusjonen er ferdig våren 2020. Ingen av de tilsette i selskapet vil måtte endre lokalisering som resultat av samanslåinga, og Wärtsilä stadfester overfor Bømlo-nytt at ingen blir overtallige som følgje av omorganiseringa.

– Eg trur dette er ei svært positiv utvikling for oss, og eg er sikker på at me vil få store mogelegheiter til å utvikla oss vidare som ei integrert eining i ein større organisasjon, seier administrerande direktør for Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen.

11 år sidan sist

Wärtsilä gjennomførte ei liknande samanslåing av selskap i Noreg i 2008. Den gongen var det Wärtsilä Propulsion og AKPAS vart fusjonert inn i Wärtsilä Norway.

– Den nye strukturen vil hjelpe oss å opptre som eitt selskap i Noreg, og dermed styrke vår posisjon i den norske maritime klyngja. Målet vårt er å både kunne gje eit meir heilskapleg tilbod til våre kundar, og skape ein betre plattform til å utvikla våre tilsette og bedrifta si verksemd, seier Nesse.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no