Hurtigtest: Foto: Mona Terjesen

Slik er smitten i regionen no

I oktober blei det registrert 37 koronasmitta på Bømlo. Førebels i november er det meir enn halvvert, ifølgje kommunen si oversikt.

Ifølgje Bømlo kommune si oversikt over smittetal, er det registrert 15 nye smitta i november. Det siste smittetilfelle vart registrert 14. november.

VG sine tal syner 27 smitta, med sist registrerte smittetilfelle i går, 26. november. Avvik kan både skuldast at det kan vera folk som har folkeregistrert adresse på Bømlo, men som ikkje bur på Bømlo eller at dei siste smittetala ikkje er registrert hos kommunen enno.

Regionen

Stord kommune har hatt lite smittepress sidan slutten av september, men opplever no ein gradvis auke frå veke til veke, skriv avisa Sunnhordland.

Vidare opplyser avisa at det vart registrert fem tilfelle av koronasmitte den andre veka i november, ti tilfelle i den tredje veka og seks nye tilfelle måndag 22. november.

Smitteutbrot

I Kvinnherad har dei hatt høgt smittetrykk. I alt har det blitt påvist 81 koronatilfelle i Kvinnherad sidan 12. november, opplyser lokalavisa Grenda.

I Tysnes kommune har det ifølgje VG si oversikt kome 42 smittetilfelle i november. (Det er ikkje stadfesta om alle desse er busett i Tysnes, eller berre har folkeregistrert adresse der.)

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysnes er ein av kommunane som har hatt lite smitte i regionen. Med dei siste smittetilfella er det totalt registrert 62 smitta ifølgje FHI si smitte-oversikt.

– Me ser ein positiv utvikling i høve det pågande smitteutbrotet og ser at det er ferre positive koronaprøver, skriv kommunen på sine heimesider.

Roleg

I Fitjar kommune har det ikkje vore smitte av betydning.

– I Fitjar har det så lang vore roleg med nokre få tilfelle av smitte, skriv kommunen på sine heimesider.