I regionen er det berre Fitjar og Kvinnherad som har hatt nye smittetilfelle den siste veka. I tillegg har Haugesund fått eit nytt smittetilfelle i dag. Foto: Carina Wangensten/Ill.foto

Smittestatus i regionen

Det har vore nye smittetilfelle av covid-19 både i Kvinnherad og Fitjar den siste veka.

Det er Fitjar som har hatt det høgaste talet på nye registrerte smitta. Tysdag 20. juli fekk dei melding om eit nytt smittetilfelle, og trudde ikkje på dette tidspunktet at smitten hadde spreidd seg vidare.

— I kveld har me fått ny informasjon som viser at smittesituasjonen er meir omfattande. Sentrale deler av kriseleiinga i kommunen har difor hatt møte for å drøfta status og eventuelle tiltak, skriv Fitjar kommune tysdag kveld etter at det vart oppdaga tre ytterlegare smittetilfelle.

To av dei smitta oppheld seg i Fitjar, medan dei to andre var reist frå bygda då smitten vart avdekkja. Ifølgje kommunen var to av dei smitta på Fitjarrevyen laurdag kveld, og dei som er smitta har og delteke på eit privat arrangement i Fitjar medan dei hadde smitten i seg.

— Det er registrert om lag 20 direkte nærkontaktar som følgje av dette. På revyen var det om lag 200 deltakarar, men eit fåtal av desse vert rekna som nærkontaktar. Likevel har smittevernlegen bede om at alle som var på revyen laurdag kveld testar seg, skriv kommunen og opplyser samstundes at alle som er fullvaksinerte slepp å testa seg.

Som følgje av smitteutbrotet vart det testa 50 personar i tysdag. Resten skal testast i dag, onsdag. Dei første svara er difor venta onsdag ettermiddag.

Eit nytt tilfelle

I Kvinnherad er det også komme eit nytt smittetilfelle. Det vart registrert måndag 19. juli.

— Smittesporing er utført og alle nærkontaktar er informert, skriv kommunen.

Lenge sidan sist tilfelle

Stord hadde førre smittetilfelle 15. juli, medan du skal tilbake til 11. juli for å finna førre smittetilfelle på Bømlo.

I Sveio skal ein heilt tilbake til 24. mai for å finna førre smittetilfelle.

På Tysnes må ein tilbake til mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Handlebyen

I Haugesund er det komme eit nytt smittetilfelle i dag, 21. juli. Det er det 12. smittetilfellet kommunen har hatt i juli månad.

— Ein person (40-59 år), skriv kommunen om tilfellet, som i tillegg opplyser at 77 personar har blitt testa i dag, onsdag.