På Bømlo: Politiet tok Foto: Håvard Hammarstrøm

Snikra terrasse på 17. mai - fekk telefon frå politiet

Ein bømling fekk telefon frå politiet på nasjonaldagen, etter at det kom inn klage om brot på heilagsdagsfreden.

Politiet fekk inn klagen i 18-tida på sundag frå eit nabolag på Bømlo, skriv avisa Sunnhordland. Meldinga gjekk ut på at ein av naboane i nabolaget heldt på med å snikra på terrassen sin. Politiet tok kontakt med huseigaren på telefon, og bad vedkommande avslutte arbeidet. Pålegget vart følgt med ein gong, skriv avisa.