Reiste til Bergen: Ein passasjer på snøggbåtruta til Bergen 18. juli testa i etterkant positivt på covid-19. Illustrasjonsfoto/arkiv. Foto: Håvard Hammarstrøm

Snøggbåtpassasjer testa positivt på covid-19

Norled og Skyss melder om ein passasjer som reiste frå Skånevik til Bergen sundag ettermiddag, og som i ettertid testa positivt på covid-19.

Meldinga vart sendt ut frå Norled tysdag ettermiddag:

– Norled er blitt informert av Skyss om stadfesta tilfelle av covid-19 hos passasjer på følgjande strekning: Skånevik-Bergen med M/S «Tranen» sundag 18. juli klokka 1530 med ankomst Bergen 1810. Alle passasjerar på aktuelle segling bes følgje med på eigen helsetilstand og å gå i karantene og kontakte lege dersom symptom oppstår, heiter det frå Norled.