Solberg: Skular og barnehagar blir stengde til over påske

PRESSEKONFERANSE: Erna Solberg sa i dag, tysdag at regjeringa har bestemt at alle smitteverntiltak innført 12.mars skal vidareførast til over påske. Foto: Regjeringen.no

Dagens koronatiltak blir forlengde til 13. april, kunngjorde statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse tysdag.

Det tyder at skulane og barnehagane blir stengde til over påske. Dette gjeld òg dei andre tiltaka som vart innførte 12. mars.

– Tiltaka ser ut til å bremse smitten, men vi treng meir tid for å sjå kva verknad dei har. Regjeringa har fastsett ein strategi for å avgrense smittespreiinga som inneber at kvar enkelt som er smitta, maksimalt skal smitte éin annan person. Då vil helsevesenet ha kapasitet til å hjelpe alle som treng det, seier statsminister Erna Solberg.