Fiskefartøyet «Gardar» er det første skipet som får ettermontert ein motor av type Wärtsilä 31.
Fiskefartøyet «Gardar» er det første skipet som får ettermontert ein motor av type Wärtsilä 31. Foto: Wärtsilä

Sparer 200.000 liter drivstoff

Med støtte frå det norske NOx-fondet blir det sett ein Wärtsilä 31-motor om bord i fiskefartøyet «Gardar».

Det melder Wärtsilä i ei pressemelding. Dette er første gongen ein Wärtsilä 31-motor blir ettermontert. Fiskefartøyet «Gardar» vart bygd i 1998 med ein 18-sylindra Wärtsilä 32-motor om bord. No skal denne skiftast ut med ein ein 10-sylindra Wärtsilä 31-motor som har såkalla V-konfigurasjon. Når ettermonteringa er gjort blir forbruket av drivstoff redusert med 200.000 liter, og samstundes blir utsleppa av miljøskadelege gassar reduserte med 88 tonn i året, står det å lesa. Guinness’ Rekordbok har  tidlegare kåra Wärtsilä 31-motoren til å vera den mest effektive medium-speed dieselmotoren i verda.

I kontrakten står det også at skipet skal få montert reduksjonssystem for nitrogenoksid, i tillegg til støyreduksjonsutstyr. Kontrollsystemet for fremdriftsmaskineriet kjem også til å bli oppgradert. Prosjektet har altså fått støtte frå NOx-fondet.

– Me er særs glade for at Gardar no blir eit meir økologisk sunt fartøy. Investeringane i ettermonteringa av fartøyet vil raskt betala seg tilbake på grunn av reduserte drivstoffkostnadar og NOx-avgifter. Me har vore veldig nøgde med Wärtsilä sine motorar og fremdriftssystem, og me vurderer å installera NOx-reduksjonssystem på to eller fleire av våre fartøy, seier Christian Halstensen som eig og leiar Gardar AS. Også i Wärtsilä er dei nøgde med den nye kontrakten.

– Me er særs stolte av denne avtala, fordi kunden syner oss tillit og den gir oss høve til å gjera frakt til sjøs meir miljøvennleg. I Wärtsilä erkjenner me at dette prosjektet er ei økonomisk investering, men det er også ein investering i vår framtid. Me gir full støtte til alt som bidreg til å tilfredsstilla miljøkrava, seier salsdirektør i Wärtsilä Services, Cato Esperø.