PRESSEKONFERANSE: Statsminister Erna Solberg manar til nasjonal dugnad. Foto: Regjeringen.no

Stengjer ned store delar av samfunnet

Styresmaktene set i verk omfattande tiltak for å få bukt med koronaviruset her til lands.

Alle skular og barnehagar, vidaregåande skular, høgskular og universitet i Noreg vert no stengde, sa statsminister Erna Solberg på sin pressekonferanse i ettermiddag.

Helse og omsorg pluss andre kritiske samfunnsfunksjonar, er unntaket. Barn med foreldre i desse yrkesgruppene vil barnehageleiarar, rektorar med vidare ha ansvar for å finna anna barnepass til. Foreldra trengst i jobbane sine.

Statsministeren og helseminister Bernt Høie mana til ein nasjonal dugnad, der alle gjer ein innsats for å unngå at eldre og kronisk sjuke vert smitta.

Dei omfattande tiltaka vert sette i gang frå klokka 18.00 torsdag og vil minst vara til og med 26.mars.

PRESSEKONFERANSE: Helseminister Bernt Høie vonar at alle innser alvoret og held seg lojale til tiltaka som vert sett inn. Foto: Regjeringen.no

Helseministeren understreka at det er ingen grunn til å hamstra mat. Matvareforretningane vil vera opne. Transportsektoren går som normalt. Kollektivtransport går også som normalt.

Helsepersonell får forbod mot å reisa utanlands, både i tenestereiser og privat. Dette forbodet gjeld ut april månad, seier helseministeren.