Klimabestemor Thelma Kraft frå Bergen, engasjerte forsamlinga med sitt foredrag under klimafestivalprogrammet 

på Bømlo folkehøgskule, fredag ettermiddag. Alle
Klimabestemor Thelma Kraft frå Bergen, engasjerte forsamlinga med sitt foredrag under klimafestivalprogrammet på Bømlo folkehøgskule, fredag ettermiddag. Alle Foto: Nils-Tore Sele

Sterkt engasjement på klimafestival

Engasjerte besteforeldre fekk liv i ungdomen då Bømlo folkeakademi arrangerte klimafestival.

- Me synest at dette var kjempebra, seier Morten Forbord og Amalie Hammersland, elevar ved Bømlo folkehøgskule.

Dei har nett opplevd klimafestivalprogrammet som folkeakademiet på Bømlo har presentert ved folkehøgskulen. Fredag var det to klimafestivalprogram i regi av folkeakademiet. Det fyrste på folkehøgskulen, seinare på dagen på hovudbiblioteket på Svortland. Over 100 personar til stades på det fyrste, 20-30 menneske på det andre. Begge med same foredragshaldarar, men på biblioteket opptredde elev Jonas Torkelsen frå Bømlo kulturskule og Åsmund Nesse med musikalske innslag.

Trur på besteforeldra

Dei to folkehøgskuleungdomane vart begge gripne av klimabestemor Thelma Kraft frå Bergen sin sterke appell om at dei neste 100 ungdomane på folkehøgskulen måtte oppfordra sine besteforeldre til å bli klimaengasjerte og involverte.

- Alle har godt av å bli minna på kor viktig det er å kjempa for klimaet. Dersom me ikkje kjempar mot klimaendringar og ei varmare verd, vil det ikkje gå bra, seier dei to elevane, som gjerne vil oppmoda sine besteforeldre om å engasjera seg for klimaet.

I to ettermiddagstimar tidlegare har fire foredragshaldarar hatt ordet under klimafestivalprogrammet. Fyrst ut var Thelma Kraft, leiar for Besteforeldrene sin klimaaksjon i Bergen. Ho fortalde om kampen besteforeldra fører mot klimaendringar.

Folkehøgskuleelevane Morten Forbord og Amalie Hammersland tykte vel om klimafestivalprogrammet som gjekk føre seg ved Bømlo folkehøgskule.
Folkehøgskuleelevane Morten Forbord og Amalie Hammersland tykte vel om klimafestivalprogrammet som gjekk føre seg ved Bømlo folkehøgskule.
Ordførar Odd Harald Hovland var til stades på klimafestivalen på folkehøgskulen, og fortalde om kommunen sitt miljøarbeid.
Ordførar Odd Harald Hovland var til stades på klimafestivalen på folkehøgskulen, og fortalde om kommunen sitt miljøarbeid.
Professor Gunnar Kvåle på klimafestival på Bømlo, der han snakka om klimautfordringar som igjen vil gå ut over menneskehelsa. Høgare global temperatur vil føra til spreiing av farlege sjukdomar, tørke vil gje hungersnaud og matmangel, spådde han.
Professor Gunnar Kvåle på klimafestival på Bømlo, der han snakka om klimautfordringar som igjen vil gå ut over menneskehelsa. Høgare global temperatur vil føra til spreiing av farlege sjukdomar, tørke vil gje hungersnaud og matmangel, spådde han.
Jan Petter Myhre, SKL, på klimafestival på Bømlo, der han fortalde om kraftkonsernet si verksemd og satsing på utvikling av grøn energiteknologi.
Jan Petter Myhre, SKL, på klimafestival på Bømlo, der han fortalde om kraftkonsernet si verksemd og satsing på utvikling av grøn energiteknologi.

Fekk Gro til å syngja

- Me er aktivistar for klimaet. Dette dreier seg om barnebarna våre og kva framtid dei skal få. Då er me avhengige av å få redusert den globale oppvarminga. Eit mål er at dei som kjem etter oss skal få arva ei jord i økologisk balanse, men det vil ikkje bli lett å oppnå utan at me får politikarar som vågar å gå inn for endring, som tenkjer på miljøet, som vil satsa grønt og berekraftig og som vil ta vare på ressursane me har, sa Kraft.

Mellom anna fekk alle til stades høyra om besteforeldra si deltaking under det store, internasjonale klimatoppmøtet i Paris før jul, som enda med eit globalt miljøforlik. I Paris gjennomførte engasjerte bestemødre og -fedre sin «Grandparents Climate Campaign».

- Me marsjerte gjennom gatene i Paris med våre banner og song. Det var berre ei veke etter den forferdelege terroraksjonen. Når parisarane forstod at me var norske besteforeldre som aksjonerte for å ta vare på det globale klimaet, vart me tekne godt imot. Dei møtte oss med smil om munnen og tårer i augo der me gjekk. Alle stader der me kom, vart me møtt med velvilje. Å vera i Paris og oppleva dette var sterkt på så mange vis for oss, fortalde Kraft.

Besteforeldrene song mellom anna under markeringa av at Gro Harlem Brundtland fekk den taiwanske Tang-prisen under konferansen i Paris. Då den tidlegare statsministeren forstod at besteforeldrekoret som song om å ta vare på Arktis og verna det mot olje- og gassutbygging var frå Noreg, gjekk ho bort til dei og starta å syngja i lag med dei. Eit tv-team frå BBC filma seansen.

Kraft slutta foredraget under klimafestivalen ved å få alle med på allsongen av «Song of the Arctic», der tonefølgjet er Beethoven sin niande symfoni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klima øydelegg helse

Gunnar Kvåle er også medlem av Besteforeldreaksjonen i Hordaland. Han er professor emeritus innan Internasjonal Helse ved Universitetet i Bergen. Kvåle snakka om at klimaendringane er eit stort trugsmål mot den globale helsa.

- Om den globale temperaturen går opp med fire grader, som statistikkane syner kan skje, vil det vera ein katastrofe. Også to grader, som klimaforliket frå Paris, enda på, er mykje, sa Kvåle.

Han understreka at dei kan ville kalla for klimanektarar no hadde byrja å teia stille. 2014 vart det varmaste året i verda nokon gong. 2015 vart endå varmare.

- Klimautsleppa kan ikkje ha same nivå som me opplever no i tida som kjem. Det kan ikkje ventast lenger med utsleppskutt. Det hastar. Problemet er trege, politiske prosessar, understreka professoren.

Han oppfordra alle til å engasjera seg.

- Me kan alle gjera noko. Me kan alle engasjera oss, påverka, sa Kvåle og etterlyste ei folkerørsle mot klimaendringar.

Jan Petter Myhre frå kraftselskapet SKL var også invitert til å halda foredrag på folkehøgskulen. Myhre fortalde om kraftselskapet si verksemd og satsing på miljøteknologi.

- Vestlandet har store moglegheiter innan utvikling av miljøvenleg industri i framtida, framheva kraftlagsmannen.

Med på miljødugnaden

Ordførar Odd Harald Hovland snakka om Bømlo kommune sin energiplan og miljøarbeid. Ordføraren rosa også klimafestivalen og besteforeldra sitt engasjement. Han framheva historikken til næringslivet på Bømlo, og tradisjonen med gründerar som har utvikla nye og meir miljøvenlege industriprodukt. Eit døme er betre og miljøvenlege framdriftssystem for skip og farty.

- Eg er viss på at næringslivet i Bømlo vil vera ein pådrivar innan den nasjonale klimadugnaden som må til for å få ned utsleppa, sa han og viste mellom anna til utviklinga av næringsklyngja Maritime CleanTech. Då denne vart stifta for ein del år tilbake var tre av dei åtte medlemsbedriftene frå Bømlo. No tel klyngja over 40 medlemer og dekkjer heile Vestlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljømedvitne

Under klimafestivalen presenterte også elevar frå folkehøgskulen døme på miljøarbeid dei utfører. Ei eiga valfaggruppe har mellom anna rydda strender for bos, arbeidd med betre resirkuleringsordning på skulen og kva som må gjerast for å få ein betre, sunnare og reinare kost.

- Me elevane er opptekne av eit betre miljø her på skulen, seier elevane Forbord og Hammersland, og viser til at Bømlo folkehøgskule er ei miljøfyrtårn-verksemd som legg vekt på å driva miljøvenleg.

- Me er veldig nøgd med avviklinga av klimafestivalen. Særs takksam overfor foredragshaldarane som alle takka ja med ein gong til å stilla opp då dei vart spurt av oss, seier Ana Talbot Meling, styremedlem i Bømlo Folkeakademi, om dette arrangementet.