Etterlyst bil funnen: Politiet har funne køyreskulebilen etter tips frå pubikum. Foto: Privat

Stolen trafikkskulebil funnen

Politiet etterlyste tidlegare i dag ein stolen BMW som kan ha blitt nytta i samband med eit sjokkbrekk i Stavanger. No er bilen funnen.

Det opplyser politiet i ei pressemelding. Bilen vart funnen kort tid etter at etterlysinga vart sendt ut. Då fekk politiet tips om at bilen stod på ein parkeringsplass i Stavanger.

– Bilen vil bli taua inn og undersøkt. Me takkar eit årvakent publikum, uttaler seksjonsleiar for etterforsking og etterretning, Trond Atle Bjelland. Politiet ønskjer framleis tips frå publikum i saka.