Trafikkontroll: Det vart gjennomført ein åtferdskontroll på Stord i dag. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Stord: fem førelegg for mobilbruk

Politiet skreiv onsdag ut fem forenkla førelegg i samband med ein trafikkontroll på Stord.

Det melder Sør-vest politidistrikt på Twitter. Kontrollen skal ha blitt gjennomført på Gjerde. Alle fem fekk førelegg for handhalden mobiltelefon medan dei køyrde bil. Av dei fem vart to melde for tilhøvet, blir det opplyst.

Les også
Høgsterett: Mobiltitting ved raudt lys er ulovleg
Les også
44 prosent av bilførarar nyttar mobiltelefonen ulovleg i bilen