Stord kommune vil ikkje la dei tilsette flyge med Wizz Air, og endrar ikkje meining etter å ha blitt trua med søksmål.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Stord kommune står på sitt mot Wizz Air trass trussel om søksmål

Formannskapet i Stord kommune vedtok måndag å halde oppe vedtaket om ikkje å flyge med Wizz Air. Kommunen blir ikkje skremd av trusselen om søksmål.

Stord er ein av fleire norske kommunar og fylkeskommunar som har vedteke det Wizz Air meiner er ulovleg boikott. Kommunen har no behandla trusselen om søksmål, og står fast på det opphavlege vedtaket sitt.

– Fleirtalet er klare på at vi ikkje ønskjer å la oss presse av eit stort internasjonalt selskap til å gå bort frå eit vedtak som vi står for, seier fungerande ordførar Jakob Bjelland (Sp) til Sunnhordland.

Kommunen vil no knyte til seg ekspertar på boikottrett før dei svarer flyselskapet. To personar stemde mot vedtaket.

Øyvind Kyvik frå Høgre meiner kommunen bør bruke tida si på noko anna enn å markere seg mot Wizz Air, og fekk støtte av Nancy Aasheim i Senterpartiet.

(©NPK)