Mistanke om promillekøyring: Politiet var i kveld i kontakt med to personar som drakk alkohol i ein bil. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Stord: Sat og drakk i bilen

Politiet mistenkte promillekøyring då patruljen kom over to personar som sat og drakk alkohol i ein bil på Stord.

Det melder Sør-vest politidistrikt på Twitter.

– Dei er og mistenkte for å ha flytta bilen i alkoholpåverka tilstand. Førar, ein mann i slutten av 40-åra, hadde låg-promille og blir difor ikkje meld, står det å lesa.