Politiet: Mann stogga på E39 i stolen bil. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Stord: Sjåfør stoppa på E39 i stolen bil

Ein sjåfør vart tidlegare i dag stogga av politiet på Stord. Mannen i 30-åra hadde ikkje gyldig førarkort, vart opplevd som ruspåverka og køyrde ein stolen bil.

E39, Stord

Det var klokka 11 i dag at politiet måtte stoppa ein sjåfør som vingla i vegbanen på E39.

– Førar, mann i slutten av 30-åra, vart opplevd som ruspåverka, han hadde ikkje gyldig førarkort, samstundes at han hadde stole bilen dagen før, skriv politidistriktet Sør-Vest på Twitter.

Mannen vart framstilt for legevakta for naudsynte prøvar.

– Arrestert og innsett i arrest. Meld, skriv politiet vidare.