Stengt for vitjande: Stord sjukehus Foto: Håvard Hammarstrøm

Stord sjukehus stengt for vitjande

Sundag vart det bestemt å stengje Stord sjukehus inntil vidare for vitjande grunna smittesituasjonen på Stord.

Det opplyser Helse Fonna i ei pressemelding. Bakgrunnen er altså smittesituasjonen når det gjeld covid-19 på Stord. Det blir også synt til situasjonen på Bømlo, der det er innført besøksforbod på Bømlo bu- og helsesenter etter at ein praksiselev fekk påvist covid-19. Laurdag vart det også meld om at ein pasient var innlagt på Stord sjukehus med påvist covid-19.

Les også
Koronapasient innlagt på Stord sjukehus
Les også
Ber ungdom halde seg heime
Les også
Besøksforbod innført på Bømlo bu- og helsesenter etter påvist tilfelle av covid-19