Kontrakten med Haugesunds Avis er den største for trykkjeriet på Heiane noko sinne. Frå neste sommar trykkjer trykkjeriet i Mediehuset Sunnhordland 16 aviser. Illustrasjonsfoto.
Kontrakten med Haugesunds Avis er den største for trykkjeriet på Heiane noko sinne. Frå neste sommar trykkjer trykkjeriet i Mediehuset Sunnhordland 16 aviser. Illustrasjonsfoto.

Sunnhordland trykkjer Haugesunds Avis

Mediehuset Sunnhordland har inngått sin største trykkjerikontrakt noko sinne.

Det skrivavisa Sunnhordland. Kontrakten mellom trykkjeriet på Heiane på Stord og Haugesunds Avis vart underteikna torsdag. Frå 1. juli neste år skal trykkjeriet trykkje Haugesunds Avis i tillegg til 15 lokalaviser, deriblant Bømlo-nytt.

– Fjør i hatten

Trykkjerisjef Morten Tislevoll seier tilSunnhordland at stemninga er god på trykkjeriet, og at kontrakten er ei fjør i hatten for dei. Kontrakten vil også føre til investeringar i nytt utstyr i trykkjeriet på Heiane.

– Me set stor pris på tilliten og tykkjer det er stas å få til ein avtale med ei avis som satsar like mykje på papir som oss, seier dagleg leiar Reidar Hystad i Mediehuset Sunnhordland.

Avtala er på tre år med opsjon på forlenging. Kva verdien på kontrakten er går ikkje fram av artikkelen.

Administrerande direktør i Haugesunds Avis, Øystein Vormestrand, seier til Sunnhordland at trykkjeriet på Stord var konkurransedyktig på pris, samstundes som trykking på Stord i staden for i Bergen gir større fleksibilitet og høve til seinare deadline i Haugesunds Avis.