Ambulanse på plass: Helsepersonell såg til syklisten etter kollisjonen på Giljevegen. Arkivfoto. Foto: Grethe Kjøsnes

Syklist kolliderte med bil

Ein syklist kolliderte med ein bil på Giljevegen torsdag kveld.

Det opplyser Sør-vest politidistrikt på Twitter. Meldinga kom inn klokka 1846. Både politi og helse rykte ut til staden. Ifølgje politiet skal syklisten ha treft bilen bakfrå.

– Syklist tilses av helsepersonell, står det å lesa.