Kjem til Moster: Nestleiar i Framstegspartiet, Sylvi Listhaug, kjem til Moster. Dette arkivbiletet vart teke på Rubbestadneset, der ho som landbruks- og matminister i 2015 døypte ein skogplattform. Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

Sylvi Listhaug kjem til Moster

Nestleiar i Framstegspartiet, Sylvi Listhaug, er onsdag ettermiddag venta til Moster Amfi.

Det skriv hennar partikollega Sigbjørn Framnes i ein e-post til redaksjonen. I formiddag er stortingsrepresentanten på vitjing hos Leirvik AS og Kværner på Stord. Så går altså turen vidare til Moster Amfi i ettermiddag. På programmet står omsyning og mat. Aktuelle tema til diskusjon på Moster er utfordringane i koronatidene, om tiltakspakkene treff og sjølvsagt riksjubiléet i 2024.

Sist Listhaug var på Bømlo i offisiell samanheng var i 2015, då ho som landbruks- og matminister døypte ein skogplattform.