I år feirar The Jokers 10 års jubileum. Det gjer dei med konsert i Bømlo kulturhus laurdag 12. oktober.
I år feirar The Jokers 10 års jubileum. Det gjer dei med konsert i Bømlo kulturhus laurdag 12. oktober. Foto: Halvard Paulsen.

The Jokers har spreidd musikalsk glede i 10 år

Laurdag blir det konsert med The Jokers. Bandet som har turnert kring heile Noreg og har, ifølgje dei sjølv, verdas beste manager.

Når underteikna kjem inn dørene, øver dei inn klassikaren «Forelska i lærer’n». Musikklærar Arvid M. Mikkelsen fortel at det ikkje tok lang tid før dei hadde øvd inn songen.

– Den tok dei imponerande fort. Etter eit par gonger, sat den i fingrane, seier Arvid.

Spennklare

No er dei alle saman klare for konsert. Sceneskrekk er ikkje noko som pregar gjengen.

– Nei, nervøse er me ikkje. Me er berre klar for konsert, seier dei alle.

Repertoaret er blanda, men dei speler for det meste rock.

Bandet har sett opp eit flott repertoar til konserten. Her øver dei inn klassikaren «Forelska i lærer’n».
Bandet har sett opp eit flott repertoar til konserten. Her øver dei inn klassikaren «Forelska i lærer’n».

– Det er mest rock, og så litt pop, seier Petter Tveit.

Ein av songane dei skal spela, er «Rocketroll». Den hugsar dei alle godt.

– Det var ein av dei første songane me spelte, seier Petter og mimrar om fortida.

Den spela dei for første gong på Rockens historie.

– Dei spelte den to gonger til stor applaus, seier Arvid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jubileum

I år er det ti år sidan bandet først såg dagens lys. Foreldra ville at ungane deira skulle få utfordra seg meir på musikkområdet.

– Me såg at dei var flinke, så me ville gje dei mogelegheit til å spela i eit skikkeleg band, seier manager Wenche Tveit.

Dei tok kontakt med Dissimilis, som er ein kulturorganisasjon for menneske med utviklingshemjingar.

– Dissimilis var utruleg hjelpsame. Dei kom frå Oslo, og kursa oss, fortel Wenche.

Trufaste bandmedlemmer

Foreldra har følgt dei trufast opp gjennom åra, og sett ungdommane bli vaksne musikarar, som no turnerer kring heile Noreg.

– Me har vore i Oslo, Bergen, Haugesund, Stord, Bømlo, ramsar Petter opp.

Framleis er mange av dei som var med å starta gruppa, med i bandet. Petter er ein av dei.

– Eg skal laga mykje bråk med gitaren på laurdag, skøyar Petter.

Trygve André Bø er bassist i bandet.

– Eg har prøvd meg på trommer, men det er bass eg likar best, seier Bø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles består bandet av Harald Håkonsen (keyboard), Jan Åge Fylkesnes (slagverk), Anne Margrethe Ekanger (vokal), Knut Inge Eikeland (perkusjon) og Bjørn Paulsen (keyboard).

Wenche oppmodar alle til å ta turen å høyra dei på laurdag. Dei lovar god musikk og underhaldning.