Geo Searcher: Biletet viser kvar forliset fann stad i natt. Foto: skjermdump Maritime Bulletin

Tidlegare Eidesvik-skip går ned i Sør-Atlanteren

62 personar har forlatt det synkande skipet, melder Maritime Bulletin.

Forskingskipet «Geo Searcher» , er i dag eigd av Vestland Marine i Gdynia Polen, tidlegare Haugesund, og seglar under Belize-flagg.

Hendinga om at båten er på veg ned i Sør-Atlanteren står å lesa om på Maritime Bulletin, og skal ha skjedd i natt, ei sjømil nord for Gogh Island.

Meldinga fortel òg at alt mannskap har forlate båten.

Båten var bygd i 1982.