Stord sjukehus: Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

To innlagde på Stord sjukehus med koronavirus

Det blir onsdag stadfesta at to personar er innlagde på Stord sjukehus med påvist koronasmitte.

Dette syner oppdaterte tal frå Helse Fonna. I tillegg er sju personar med påvist koronasmitte innlagde på Haugesund sjukehus. Det er nett no ingen med påvist koronasmitte innlagde på sjukehuset i Odda.

To får intensivbehandling

Av dei desse ni pasientane, som er innlagde på sjukehus i Helse Fonna, får to intensivbehandling. Begge desse pasientane er innlagde på Haugesund sjukehus. Den eine personen er vaksen, medan den andre blir omtalt som eldre (over 65 år).

Status onsdag var elles at 56 medarbeidarar i Helse Fonna har koronarelatert fråvær eller sit i karantene. I Helse Fonna er det totalt om lag 4.000 medarbeidarar.

Les også
Slik bur Stord sjukehus seg på å ta imot korona-pasientar