To nye tilfelle: Laurdag melder Bømlo kommune om to nye smittetilfelle. På bilete er Julie Teige (t.v.) og Synnøve Sørevik i testlaben. Foto: Inger Tverborgvik, Bømlo kommune

To nye smittetilfelle på Bømlo

– I går ettermiddag og i dag har me fått melding om at to personar har testa positivt på covid-19. Vedkommande er i isolasjon, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo kommune.

Smittevegen på ein av dei smitta er framleis ukjend, men smittesporingsarbeidet er i gang.

– Nærkontaktar er i karantene og vil bli testa i løpet av helga. Det andre tilfellet gjeld ein person i innreisekarantene og har ingen nærkontaktar. Vedkommande er i isolasjon og vert følgt opp, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø.

Ifølgje kommunedirektøren har Bømlo kommune no eit tettare samarbeid med nabokommunane Stord og Fitjar.

– Og kommunal kriseleiing følgjer situasjonen tett i tråd med gjeldande beredskapsplanar, seier Aga Gjøsæter.

Vidare minner Aga Gjøsæter alle om kor viktig det er at me alle no er ekstra påpasselege med å følgja smittevernråda og dei nasjonale retningslinjene framover.

– Vask hender

– Hald avstand

– Ha færrast mogeleg kontaktar

– Hald deg heime om du er sjuk

Smittetilfelle

Det er no i alt 12 påviste tilfelle på Bømlo. Dei to siste kom i løpet av fredag ettermiddag og laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dette gjer butikkane for å unngå smitteauke under julehandel og salsdagar