Politiet: Politiet Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Tok bilførar i 111 km/t på nyevegen

UP heldt fartskontrollar fleire stadar i natt.

På Bømlo hadde utrykkingspolitiet rigga seg til med laserkontroll på Bremnesvegen ved Myra då ein bilførar kom forbi i ein fart at 111 km/t i 80-sona.

I tillegg til dette lovbrotet vart det skrive ut tre fartsbøter på same stad.

UP fortel på twitter at dei òg held fartskontroll på E39 Stord, og der vart det tre forelegg med høgste fart målt til 104 km/t.

Les også
Patruljen stoppa rusa bilførar på brua
Les også
Lensmannen uroa over høg fart på bømlavegane