Ei fullsett Bremnes kyrkje tok eit siste farvel med rådmann Geir E. Aga.
Ei fullsett Bremnes kyrkje tok eit siste farvel med rådmann Geir E. Aga. Foto: Carina Wangensten

Tok farvel med rådmannen

Bremnes kyrkje var fullsett då rådmann Geir Ebbesvik Aga vart gravlagd i dag.

Det var mange som ville vera med og følgja rådmannen vår, Geir Ebbesvik Aga, til den siste kvilestaden på Bremnes kyrkjegard. Kyrkja var fullsett av sørgjande; familie, nære venner, tilsette, tidlegare arbeidskollegaer, alle ville dei ta eit siste farvel. Ei rekkje kransar og blomehelsingar stod kring båra då prost Svein Arne Theodorsen ynskte dei sørgjande velkomen. Det var han som leia seremonien. Tidlegare ordførar Odd Harald Hovland bar fram minneord på vegner av Bømlo kommune.

randi.olsen@bomlo-nytt.no